i dag, for 2 timer siden  i dag, for en time siden
Advokat Arnhild Skretting - Advokat Arnhild Skretting i Rogaland. - Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Advokat Arnhild Skretting i Rogaland.

FOTO: OLE ANDREAS BØ / NRK
Advokat Venil Katharina Thiis. - Advokat i Trondheim, Venil Katharina Thiis. - Foto: Grete Thobroe / NRK

Advokat i Trondheim, Venil Katharina Thiis.

FOTO: GRETE THOBROE / NRK

Advokatane Arnhild Skretting i Stavanger og Venil Katharina Thiis i Trondheim går no ut og roper eit varsku mot ein tendens dei meiner brer seg i barnevernssaker her i landet.

 

Om det oppstår ein reell akuttsituasjon, seier lova at ein først skal plassere barnet i nærleiken, hos familie eller vener.

– Vi meiner å sjå ein tendens til at barnevernstenesten bruker akuttvedtak som ein start på ein omsorgsovertakingssak. Det er ikkje slik akuttvedtak skal brukast, seier Venil Katharina Thiis.

– Denne praksisen må stoppe

Advokatane hevdar at barn blir tatt frå familiane sine utan at det er grunnlag for det.

– Ofte blir barna plassert i fosterheim utan at nokon i den næraste familien er vurdert. Denne praksisen må stoppe, seier Arnhild Skretting.

– Vi er på veg mot ei samfunnsutvikling der det blir slik at om du ikkje har riktig farge, om du er ung mor eller barnevernsbarn sjølv, så tek vi òg frå deg barna dine, seier ho.

Som advokat i barnevernssaker i Rogaland har ho erfart dette ofte dei siste åra.

– Maktovergrep

Tendensen er den same også i Trøndelag.

– Mange trur at det er påvist grov omsorgssvikt når barnevernet grip inn akutt, men det er ikkje sant, seier advokat Venil Katharina Thiis.

– Barnevernet bruker den heimelen i lova som går ut på at ein meiner at foreldra ikkje klarer å gi god nok kontakt og tryggleik til barnet. Det er det som i dei fleste tilfella i Noreg i dag er bakgrunnen for at ein går inn og tar over omsorga, seier Thiis.

Advokatane meiner at det som ofte skjer, er eit maktovergrep mot familiar som er i ein sårbar situasjon.

Thiis meiner det kan samanliknast med det som vart gjort mot taterar for fleire tiår sidan. 

– Det går rett og slett ut på å sortere ut kven som kan få vere foreldre, og kven som ikkje kan det, på eit så tidleg tidspunkt som muleg. Det er ein totalitær tankegang, og ei form for utreinsking og sortering av barn som eg syns er veldig tvilsam, seier Thiis.

Får støtte på Stortinget

I Trøndelag har fleire foreldre mista omsorga for ungane sine etter å ha vore på Familiesenteret Viktoria, kor dei trudde at dei skulle få hjelp og rettleiing for å ta seg av ungane. I staden enda det med at barnevernet tok frå dei omsorga. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag skal no ha tilsyn på familiesenteret.

Svein Harberg - Svein Harberg (H), leiar i kultur- og familiekomiteen på Stortinget. - Foto: Foto: NRK /

Svein Harberg (H), leiar i kultur- og familiekomiteen på Stortinget.

FOTO: NRK

Leiaren i kultur- og familiekomiteen på Stortinget, Svein Harberg frå Høgre, deler uroa til advokatane Skretting og Thiis.

– Eg syns vi har fått mange uromeldingar i det siste. Dei handlar om at prosessane rundt tidleg innsats for barn ikkje fungerer som dei skal. Målet med tidleg innsats er jo å hjelpe til slik at barnet kan vere i ein familie der foreldra er, og der dei kan få dette til å fungere på ein god måte. Det er der vi må sette inn innsatsen, meiner Harberg.

 

Mari Trommald - Mari Trommald, direktør i
 Bufdir. - Foto: Kay Myhre /

Mari Trommald, direktør i Bufdir.

FOTO: KAY MYHRE

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er ikkje kjent med tendensen som advokatane åtvarar mot. 

I staden får dei ofte kritikk for at barnevernet grip inn for seint, seier direktør Mari Trommald i Bufdir.


– Vi er ikkje kjent med at det har vore reist ein generell kritikk på dette området. 
Om dette er ei utvikling som advokatar eller andre bekymrer seg for, vil vi gjerne at dei tar opp dette med oss, seier Trommald.